Vil du vere leiar for den nye stabsseksjonen til Språkrådet?

Stabssjef

Språkrådet er statens forvaltningsorgan for språk, og er underlagt Kulturdepartementet. Vi har ansvar for å setje i verk den heilskaplege og sektorovergripande norske språkpolitikken. Organisasjonen har i dag 35 tilsette og blir leia av ein direktør. Språkrådet har tre språkfaglege seksjonar og ein stabsseksjon som omfattar fellestenester innanfor administrasjon og kommunikasjon. Stabsseksjonen har sju tilsette, medrekna stabssjefen.

Vi har no ledig stilling som leiar for den nye stabsseksjonen vår.

Språkrådet er statens forvaltningsorgan for språk, og er underlagt Kulturdepartementet. Vi har ansvar for å setje i verk den heilskaplege og sektorovergripande norske språkpolitikken. Organisasjonen har i dag 35 tilsette og blir leia av ein direktør. Språkrådet har tre språkfaglege seksjonar og ein stabsseksjon som omfattar fellestenester innanfor administrasjon og kommunikasjon. Stabsseksjonen har sju tilsette, medrekna stabssjefen.

Arbeidsoppgåver
Stabssjefen skal ha overordna ansvar for den daglege administrative drifta av Språkrådet og personalansvar for dei tilsette i stabsseksjonen. Stabssjefen skal samarbeide tett med direktøren i Språkrådet, leiargruppa og kommunikasjonssjefen. Sentrale oppgåver vil vere
  • utvikling og vedlikehald av dei overordna styringsdokumenta til Språkrådet
  • planlegging og samordning av Språkrådets oppdrag, organisering og kommunikasjon
  • budsjettering, langtidsplanar og overordna økonomistyring
  • internkontroll, risikostyring og beredskap
  • utvikling av organisasjonen (digitalisering, effektivisering, tilpassing til endringar i oppdrag og arbeidsmetodar)
  • førebuing av møte i leiargruppa og styret
Språkrådet inngjekk i 2017 eit langsiktig samarbeid med Nasjonalbiblioteket og Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek om samdrift av økonomi-, IKT- og personaltenester. Samarbeidet inneber at Nasjonalbiblioteket leverer desse tenestene til Språkrådet. Stabsseksjonen har det daglege ansvaret for å følgje opp dette samarbeidet.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med høgare utdanning i administrative fag og solid kompetanse i organisasjonsdrift. Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse.
Den som søkjer stillinga, må ha
  • sterk økonomifagleg kompetanse
  • solid forvaltningskompetanse
  • gode strategiske evner
  • svært gode samarbeidsevner
  • god formuleringsevne
  • solid kompetanse i norsk (bokmål og nynorsk)
Leiaren for stabsseksjonen må kunne arbeide overordna og heilskapleg med ein organisasjon i utvikling. Det er ein føremon om søkjaren har god kjennskap til statleg styring, reglar og avtaleverk og ikkje minst til den gjeldande norske språkpolitikken. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
  • lønn som seksjonssjef i stillingskode 1211, 704 900−789 200 kroner i året
  • interessante faglege utfordringar i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit sterkt kompetansemiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • trivelege kontorlokale sentralt i Oslo
  • subsidiert kantine
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida
Staten legg vekt på mangfald. Du kan søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Språkrådet er med på den statlege inkluderingsdugnaden, og vi oppmodar kandidatar som har stått utanfor arbeidslivet, eller som har nedsett funksjonsevne, om å søkje. Søknadsfristen er 3. april 2020.

Fleire opplysningar om stillinga får du av Ane Køber Guldvik (tlf. 41 50 68 28) eller Karianne Eriksen Hvammen (tlf. 99 22 10 86) i Raadgiverhuset Rekruttering AS.
 


Arbeidssted: Observatoriegata 1 B sentralt i Oslo
Søknadsfrist: 03.04.2020