Vil du leie Språkrådets kommunikasjonsarbeid?

Kommunikasjonssjef

Språkrådet er statens forvaltningsorgan for språk, og er underlagt Kulturdepartementet. Vi har ansvar for å setje i verk den heilskaplege og sektorovergripande norske språkpolitikken. Organisasjonen har i dag 35 tilsette og blir leia av ein direktør. Språkrådet har tre språkfaglege seksjonar og ein stabsseksjon som omfattar fellestenester innanfor administrasjon og kommunikasjon. Stabsseksjonen har sju tilsette, medrekna stabssjefen.

Vi har no ledig stilling som kommunikasjonssjef.
Språkrådet er statens forvaltningsorgan for språk og er underlagt Kulturdepartementet. Vi har ansvar for å setje i verk den heilskaplege og sektorovergripande norske språkpolitikken. Organisasjonen har i dag 35 tilsette og blir leia av ein direktør som er tilsett av Kulturdepartementet.
Språkrådet er godt kjent i heile den norske befolkninga og er svært synleg i media. Vi samarbeider tett med ei lang rekkje verksemder i offentleg og privat sektor og er avhengige av at språkpolitikken og Språkrådets råd og rettleiing blir kommunisert på ein god og effektiv måte.
Vi har tre språkfaglege seksjonar og ein nyoppretta stabsseksjon som omfattar fellestenester for administrasjon og kommunikasjon. Den nye kommunikasjonssjefen vår vil få ansvaret for Språkrådets kommunikasjonsarbeid og vere fagleiar for kommunikasjonsmedarbeidarane. Kommunikasjonssjefen rapporterer til stabssjefen.

Arbeidsoppgåver
Vi ønskjer oss ein kommunikasjonssjef som skal drive strategisk kommunikasjonsarbeid med utgangspunkt i Språkrådets strategiar og mål. Sentrale oppgåver i stillinga er
  • planlegging av Språkrådets løpande interne og eksterne kommunikasjon i tett samarbeid med dei språkfaglege seksjonane våre
  • utvikling av kommunikasjonskanalane til Språkrådet slik at dei blir effektive kanalar i arbeidet med å nå dei overordna måla for verksemda
  • samordning og leiing av det operative kommunikasjonsarbeidet
  • fagleg leiing av kommunikasjonsmedarbeidarane (for tida to og ei halv stilling)
Kommunikasjonssjefen skal samarbeide tett med direktøren og stabssjefen, og møter i leiargruppa ved behov.

Kvalifikasjonar
Vi ønskjer oss ein kommunikasjonssjef som har høgare utdanning med kommunikasjonsfag i fagkrinsen. Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse.
Den som søkjer stillinga, må kunne vise til:
  • dokumentert erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid
  • gode resultat på det kommunikasjonsfaglege området
  • god samfunnsforståing
  • svært god formuleringsevne og solid kompetanse i norsk (begge målformer)
Vi ønskjer oss ein person med gode strategiske evner og svært gode samarbeidsevner. Det er viktig at du kan arbeide overordna og heilskapleg med ein organisasjon i utvikling, og at du har evne til å setje deg raskt inn i store fagsaker. I stillinga blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
  • interessante faglege utfordringar i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit sterkt fagmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • trivelege kontorlokale sentralt i Oslo
  • subsidiert kantine
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida
Lønn som fagdirektør i stillingskode 1538, 655 400–704 900 kroner i året.

Staten legg vekt på mangfald. Du er velkommen til å søkje stillinga uansett kjønn, alder, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Språkrådet skal delta i den statlege inkluderingsdugnaden og oppmodar kandidatar med hol i cv-en eller nedsett funksjonsevne om å søkje. Søknadsfristen er 28. mai 2020.
Nærare opplysningar om stillinga får du av Ane Køber Guldvik (mobil 41 50 68 28) og Karianne Eriksen Hvammen (mobil 99 22 10 86) i Raadgiverhuset Rekruttering AS, eller Språkrådets direktør Åse Wetås (mobil 91 58 49 33).
 


Arbeidssted: Oslo
Søknadsfrist: 28.05.2020